mandag 13. september 2010

Skriveoppgåve 13.09.2010

Fortvila

Eg ligg der stille og urørelig som ein tidlig måndagsmorgon, like før fuglane kjem med sine fyrste kvitter, og medan alle bilar framleis står urørt i garasjen. Eg vet sola snart står opp, og eg vet morgontrafikken er nett om hjørnet.  Eg vil ikkje vakne no! Tanken på at den grufulle vekkealarmen, som kvar einaste vekedag minner meg på at eg ikkje kan sove til tolv om formiddagen pirrar i underbevisstheita og gjer meg nervøs. Nervøs, fordi eg er fullt klar over at det å stå opp er mykkje verre enn eit kvart tenkeleg mareritt. Nervøs, fordi kjensla av sengetrekket og mjuk madrass er alt for behageleg til at eg vil gi slipp.
Eg høyrer ein fugl kvitre, bilen rygger ut av garasjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar